Forening for slagramma på Søre Sunnmøre
Det vert invitert til medlemsmøte og omframt årsmøte
onsdag 27. september klokka 14.00 på Horisont Restaurant i Herøy.
Bakgrunnen for møtet er vedtaket vårt på årsmøte i april i år der følgjande vedtak vart fatta:
På årsmøtet, som vi no skal halde, vil vi såleis måtte ta stilling til:
A: Fordeling av laget sine midlar, ca kr 300.000
B: Nedlegging av laget (endeleg vedtak)
Som påpeikt over har vi ein del midlar som kan delast ut som gåver før vi legg ned laget. Alternativt vert desse midlane overført til Norsk Foreining for Slagramma sentralt.
Fordeling av midlar vil skje etter følgjande prosedyre:
For at eit tiltak/organisasjon skal få gåver, må dette bli foreslått skriftleg av ein medlem gjennom ein epost eller brev til underteikna. I forslaget må det framgå
'
På årsmøtet vil det bli servert middag (gratis).
Påmelding til årsmøtet kan gjerast til underteikna, epost hallvardtakset@gmail.com eller i brev med adresse: Taksetvegen 79, 6142 Eidså. Evt telefon 91183398.
Forslag til kven som skal få gåver, må som sagt vere skriftlege og forslaga kan også sendast i epost eller brev til adressene som opplyst om over.
Mottatte forslag vil bli fortløpande lagt ut på vår nettside slagss.com
Vel møtt til årsmøtet.
(Hallvard Takset (styremedlem)
Hurtigrutetur til Geiranger?
Ålesundsavdelinga av NFS har sendt oss slik invitasjon:
"Vi i Ålesund NFS skal på hurtigrute tur til Geiranger. Søndag 4 juni.
En gang tidligere var dere med. Det hadde vært hyggelig om også dere kunne ta turen sammen med oss"
Det vil bli gitt meir informasjon om turen på årsmøtet. Det vil der også bli høve til å melde seg på om laget bestemmer seg å vere delaktig.
Årsmøte på Mork 26. april
Det vert kalla inn til årsmøte i lokalforeninga onsdag 26. april klokka 14.00. Møtet vert på Mork Rehabsenter.
Sakliste:
1. Godkjenning av innkalling og sakliste. Val av ordstyrar og skrivar.
2. Årsrekneskap for 2022
3. Årsmelding for 2022
4. Drøfting av framtida for laget. Skal vi legge ned drifta?
5. Val (under føresetnad av vidare drift av laget)
På møtet vil vi også orientere om evt hurtigrutetur til Geiranger i juni(sjå eiga sak på sida) samt evt andre turaktivitetar.
Vellukka fellestur til Stadlandet
Lokalforeninga arrangerte tur til Stadlandet søndag 23. oktober 2022. Det var 25 deltakarar. Turen starta i Furene med seinare påstigningar på Garnes, i Myrvåg og på Eidså. Første stopp var ved St Jetmund kyrkja på Åheim. Her orienterte Lisbet Sæter om kyrkja si historie og om kong Jetmund frå England som grunnla kyrkja. Vi køyrde gjennom Kjødepollen og fekk sjå kvar Stad skipstunell skal gå inn i fjellet.
Neste stopp var Ervik der vi fekk orientering om minnekapellet som vart reist etter forliset til hurtigruta St Svidtun i 1943. Her vart det også høve til ein strekk av beina.
Lunsjen vart inntatt på Stadt Hotell på Leikanger. Mykje god mat. Lisbet ynskte velkomen. Før matserveringa fekk vi også glede av å høyre Inger Johanne Lillestøl med framføring av dikt av Bjarne Rabben.
Ein fin tur og stor takk til Lisbet Sæter som hadde hovudansvaret for turen og som også fekk god hjelp av Annfrid Fagerhol. Stor takk også til flink sjåfør som frakta oss trygt fram på smale vegar på Stadlandet.
I bussen låg det att eit etui for høyrepropper til Samsung. Er det nokon som mangler dette, ta kontakt med Lisbet.
Turen til Stadt går som planlagt søndag 23. oktober. 26 av medlemmane våre har meldt seg på. Vermeldinga ser bra ut og vi håper på ein kjekk fellestur.
Vi arrangerer ein felles busstur til Stadt søndag 23. oktober. Opplegget er ein liten rundtur til nokre bygder på Stadt med etterfølgjande servering av buffetlunsj på Stad Hotell på Leikanger.
Det vert ikkje kravd inn eigenandel for verken maten eller turen. Turen er open for alle medlemmar av NFF Søre Sunnmøre.
Turen startar i Furene klokka 10.00. Er då på Garnes ca 10.25 og Myrvåg bussterminal ca 10.30. Ferge frå Årvik kl 11.15. Før lunsjen kl 14.00 på Stad hotell, tar vi ein liten tur til eit av bygdelaga på Stadlandet. Veret og tida avgjer kvar vi reiser.
Bussen kan ha rampe/heis inn/ut og
kan også ta inn ein lettare rullestol.
Meld frå om ønskje!
Påmelding til Hallvard på epost: hallvardtakset@gmail.com eller på telefon til Lisbet på telefon 95 93 61 31. Husk å opplyse om ved påmelding kvar du vil gå på bussen.
Påmeldingsfrist: 19. oktober 2022 kl 18.00
Styret har hatt møte 29. september. To saker sto på saklista.. Det var å arrangere ein fellestur i oktober. Vidare drøfta ein den vidare aktiviteten i laget. Sjå referat.
Styremoete sept 2022
Som kjendt har laget stått utan leiar ei tid, - noko som inneber at drifta av laget er vanskelig. Vi har ikkje klart å samle styret til møte no på ettersommaren. Derfor er planlagd tur til Sandsøya, evt andre stadar, avlyst. Styret vil prøve å samlast seinare i haust for å avgjere om det er mulig å drive laget vidare eller om det må leggast ned.
Styret planlegg ein fellestur til Sandsøya i august eller september, Det vil då bli lagt opp til ein middag på Rosenlund. Planen er å sette opp ein buss som skal gå frå Ørsta/Volda via Garnes og Myrvåg til Sandsøya med retur når samlinga er over. Det vil ikkje bli kravd eigenandel for turen eller middagen.
Meir informasjon kjem seinare.
Aarsmelding 2020 og 2021
Det vert halde årsmøte i NFS Søre Sunnmøre på Morksenteret onsdag 15. juni klokka 14,00.
Årsmelding og rekneskap for 2020/2021 vil bli lagt fram til godkjenning på årsmøtet.
På siste årsmøte vart det ikkje valt valnemnd slik at vi ikkje har framlegg til nytt styre. Per i dag har vi heller ikkje leiar i laget, noko vi må ha for å vere ein lovlig organisasjon.
Det kan bli aktuelt på årsmøtet å stemme over eit forslag der noverande styre får fullmakt til å drive laget til hausten med tradisjonelt aktivitetsnivå samtidig som dette styret då også må utgreie og legge fram ei sak om laget skal drivast vidare.
Vi ser for oss at dette møtet vert eit tradisjonelt årsmøte utan spesielt fagleg innhald.
Men vi serverer mat med rundstykker og bløtkake slik tradisjonen har vore på årsmøta våre.
Velkomen tilbake til Morksenteret. På grunn av besøksrestriksjonar på senteret, kan vi ikkje opphalde oss i fellesareala. Vi skal vere i kantina og må gå rett inn der når vi kjem og tilsvarande gå rett ut etter møtet.
15 medlemmar av laget møtte opp då det vart arrangert medlemsmøte i Kjeldsund 30. mars. På møtet drøfta ein framtida for laget. Det var stor enighet om at laget var viktig for mange som er råka av hjerneslag. Dette gjeld ikkje berre dei som sjølve har fått hjerneslag, men laget fyller også eit behov for dei som er pårørande til dei som er slagramma. Om ein får på plass eit nytt styre i laget, bør ein arrangere både møte med faglig innhald samt sosiale arrangement og fellesturar. Ein har som hensikt å halde eit årsmøte i slutten av april samt ein tur eller ei sosial samling før ferien.
Som følge av pandemien har det vore stillstand i aktiviteten i foreninga vår. Vi ynskjer no å invitere til ei enkel samling for medlemmane i håp om at dette kan vere starten på ny aktivitet framover.
Mork Rehabilteringssenter har fram til no vore stengd for oss som følgje av pandemien. Vi har derfor valgt å arrangere denne første samlinga på Kjeldsund leirstad og gjestegard. Det vert ikkje det store faglige innhaldet denne gongen, men vi ynskjer å møtast til ein prat og litt god mat. Vi serverer ein gryterett som ein del av møtet (gratis mat denne gongenI).
Møtet vert onsdag 30. mars klokka 14.00.
Vi reknar med å halde fram med Mork som møteplass seinare.
På møtet vårt i Kjeldsund må vi også diskutere om foreninga har «!ivets rett» framover. På siste årsmøte klarte ein ikkje å velge leiar i foreninga. Slik leiar må vi ha om vi skal fungere og vere ein lovlig organisasjon.
Vi i det midlertidige styret ynskjer alle medlemmar vel møtt til Kjeldsund den 30. mars. Veit du om mulige nye medlemmar, må du berre ta med desse eller seie frå til dei at dei er velkomne til møtet vårt.
Det er under planlegging eit medlemsmøte i slutten av mars. Mork er framleis stengd. Vi har derfor valgt Kjellsund Ungdomssenter som møteplass denne gongen. Planen er å halde møtet den 30. mars klokka 14.00. Hovudtema på møtet vert å diskutere framtida for laget vårt og korleis vi eventuelt skal kome i gong att no når pandemien forhåpentligvis går mot slutten. Meir informasjon kjem seinafre.
Styret med varamedlemmer vil møtast onsdag 2. februar for å drøfte framtida til laget. På siste årsmøte klarte ein ikkje å velge ny leiar. Laget må ha leiar for å kunne fungere.
Meir in formasjon vert lagt ut etter styremøtet. Eventuelle innspel og forslag til styremøtet kan sendast til hallvardtakset@gmail.com
Styret med varamedlemmer vil møtast onsdag 2. februar for å drøfte framtida til laget. På siste årsmøte klarte ein ikkje å velge ny leiar. Laget må ha leiar for å kunne fungere.
Meir in formasjon vert lagt ut etter styremøtet. Eventuelle innspel og forslag til styremøtet kan sendast til hallvardtakset@gmail.com
Årsmøte i foreninga er 4. mars klokka 14.00 på Mork.
Det vert tradisjonelle årsmøtesaker som årsmelding, rekneskap og val til styre og andre verv.
For å avlaste styret håper vi at nokre medlemmer kan ta på seg oppgåver knytt til fellesturar og samlingar som vi har utanom dei ordinære medlemsmøta. Dette er samlingar av den type vi har hatt på Selfangstmuseet, Runde Miljøsenter, Grodås og Rekkedal. Vi håper at nokre av medlemmane vil stille opp og hjelpe til med desse arrangementa. Ta kontakt med Hallvard eller John om du kan bidra her, evt ta kontakt med oss på årsmøtet.
Skal vi halde oppe aktiviteten, treng vi bidrag frå fleire enn dei som no sit i styret.
Vi startar opp året med nytt medlemsmøte på Mork onsdag 5. februar kloka 14.00. På møtet vil ein representant frå ein lokal butikk vere til stades og presentere kle og fottøy som skal vere spesielt tilpassa slagramma og andre med nedsett funksjonsevne.
Vel møtt på Mork 5. februar.
Vi minner også om årsmøte på Mork den 4. mars.
Nye medlemmar er spesielt velkomne.
Vi startar opp året med nytt medlemsmøte på Mork onsdag 5. februar kloka 14.00. På møtet vil ein representant frå ein lokal butikk vere til stades og presentere kle og fottøy som skal vere spesielt tilpassa slagramma og andre med nedsett funksjonsevne.
Vel møtt på Mork 5. februar.
Vi minner også om årsmøte på Mork den 4. mars.
Nye medlemmar er spesielt velkomne.